Kirsti Paltto: 256 gullingar

Boka er skrive på samisk og blei gitt ut av forlaget Gielas i 1992. Ho blei omsett til norsk året etter, men har aldri blitt gitt ut, da ingen forlag ville ta på seg prentinga. Ei av årsakane var at ei slik bok fell utanom alle støtteordningar. Sidan ho er gitt ut på samisk i Finland, er ho pr. definisjon verken innanlandsk eller utanlandsk!

Etter lang tids venting blir ho no lagt ut på internett, i pdf-format, du kan laste ho ned her.

256 gullingar - omsetting av omslagstekst

INNSIDA:

Kirsti Paltto har no skreve ein annleis roman. Du får sjølv avgjøre ka slags bok dette er. Er det ein kriminalroman, kjærleiksroman eller er det kanskje ingen roman i det heile? Men les først Ka hender i Søkkvika?

Langt nord under Karlsvogna bur tommane. Korfor dei kallas så, det veit ikkje ein gong den ranske antropologen, som hevdar at dei kallas tommar fordi det er så tomt der oppe langt mot nord. Men det er no ikkje sant, for blant dei og rundt dei og over seg har dei fullt opp av andre folkeslag så som fingerlendarar, bussarar, vear og borgmenn.

Ein gong i mørketida byrjar merkelige ting å hende i Søkkvika, heilt på nordenden av Lemenhauet. Den arbeidslause detektiven Lillepetter blir tilsett for å etterforske ei tjuverisak. Denne blir houdsak i Søkkvika samtidig som utanlandske gjester, deskarar frå Sameinte Juropa, skal skaffe velstand til Søkkvika, kor tommane sitt første sjølvstyreeksperiment pågår nett no.

I Søkkvika går det og rundt ein svartkledd mann, som nokre tar for teolog og andre igjen for geolog. Etter Lillepetter si meining er mannen ein kjeltring, ikkje bare fordi at han skremmer Aili vekk frå han, Aili som han ein gong har vore i lag med i Kornbygda liksom havfrua og havbølgene i måneskinet. Men etter det har ikkje Lillepetter fått vere i lag med ho, og no bare lengtar han og drømmer som jo alle mannfolk gjør: Auga dine kunne vere som lys...

Men kem er tjuven og kem får Aili? Det klarnar først på slutten av boka. Om det no klarnar heilt da, for enno blir det verande igjen saker som får ein å tvile på om alt likevel er slik det er skreve. Det kan vel vere at ein eller annan laug. Ein skal ikkje tru alt som blir fortalt i ei slik bok.

BAKSIDA:

Tomme-nytt

Einaste tomskspråklige avis
Onsdag 24. november 1999

Kassa tømt

(U.R. - Søkkvik)
I natt blei alle pengane som var att i handkassa til Søkkvik kommune stole på Kommunehuset. I kommunen ønsker dei ikkje å fortelle kor mye som var i kassa, ettersom etterforskinga i saka nett har kome i gang. Men rådmannen ser hendinga som svært beklagelig, ettersom kommunen allereie frå får har dårlig økonomi og er svært gjeldstynga.
- Da eg kom på jobb i dag tidlig, så hadde nokon vore og rota til i løpet av natta

Andre bøker etter språk


Kontakt vevmeistaren